Næringsliv
Frukost med fokus på vekst, inkludering og helse
Næringslivsfrukosten på Fugl Fønix torsdag morgon, gav innsikt i kommunen sine strategiar for næringsutvikling, lokale verksemder sine utfordringar og moglegheiter, samt korleis fysisk aktivitet kan bidra til eit betre arbeidsliv.
Etne kommune, Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage inviterte torsdag morgon næringslivet til frukost på Fugl Fønix, og mens alle frammøtte fekk nyta ein ekte hotellfrukost, opna Etne kommune morgonsamlinga med ei oppdatering om satsinga på næringsutvikling og samfunnsplanlegging.
Ein ny struktur for næringsfondet blei presentert, der ein del av midlane no også skal gå til lag og organisasjonar. Tidlegare var midlane øyremerkte næringslivet, men no skal inntil ein million kroner kunne fordelast, der 150.000 kroner går til næringslivet og 350.000 kroner til lag og organisasjonar.
— Endringa krev sjølvsagt formelt vedtak i kommunestyret, og kommunen ønskjer innspel frå næringslivet, sa konstituert kommunalsjef for drift og utvikling, Eileen Selland.