Etter nokre utfordringer i inkøyringsfasen, driftar Mowi Norway AS sitt settefiskanlegg i Fjæra no opp mot det dei har konsesjon til: 7,5 millionar smolt i året.
Frå Mowi sitt smolt-anlegg i Fjæra. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN FOTO: FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Mowi melder om rekordår – deler ut over éin milliard i utbytte

Fjerde kvartal 2024 vart rekordsterkt for laksegiganten Mowi med inntekter på 17,7 milliardar kroner. Oppdrettsselskapet deler ut over éin milliard i utbytte.

Sjølv melder selskapet at det har aldri hatt høgare inntekter og slaktevolum i eit år enn det hadde i fjor, med omsetning på 65,3 milliardar kroner og slaktevolum på 502.000 tonn laks i 2024.

– Eg er svært fornøgd med at vi klarer å levere på strategien vår og måla våre og er imponert over organisasjonen som sørgjer for både rekordvolum og rekordinntekter også i 2024. Marginoppnåinga vår i fjor viser også at vi held fram med å vere konkurransedyktig på kost, som er svært viktig i lakseoppdrett, seier konsernsjef i Mowi, Ivan Vindheim.

Han seier vidare at kostnadene har komme noko ned som resultat av lågare fôrprisar, og at forventninga er at dette vil halde fram i 2025.

Oppdrettsselskapet fekk eit operasjonelt driftsresultat på 2,7 milliardar kroner i fjerde kvartal.

Utbyttet for fjerde kvartal er fastsett til to kroner per aksje, til saman rett over ein milliard kroner, opplyser selskapet i ei børsmelding.

(©NPK)