Håvard Erdal har jobba med ROV- og subsea-operasjonar over heile verda. – Overgangen frå skule til offshore var stor, men spanande.
Foto: Omega 365 Design.
Næringsliv
Omega-selskap blir lærebedrift
— Me har allereie motteke rundt femti søknadar, noko som viser stor interesse for yrket, seier Øyvind Lunde, avdelingsleiar ved Omega Subsea i Randaberg i ei pressemelding 20. februar.
Søknadsfristen er 1. mars, og neste år blir det fleire lærlingplassar. Omega Subsea er ein del av Omega-konsernet og omsette for over 390 millionar kroner i 2023.