Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna og partane i arbeidslivet møtte pressen etter enigheten om IA-avtalen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna og partane i arbeidslivet møtte pressen etter enigheten om IA-avtalen.

Semje om ny IA-avtale – framleis usemje om sjukelønn

– Vi er samde om ein ny avtale for inkluderande arbeidsliv, og at ein kraftigare innsats må til for å få ned sjukefråværet. Partane har strekt seg langt for å finne ei felles semje, og det er bra. Ein ny IA-avtale forpliktar oss alle. Vi får til meir i fellesskap enn kvar for oss, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Onsdag ettermiddag vart den nye avtalen om inkluderande arbeidsliv, også omtalt som IA-avtalen, underskriven av Brenna og representantar frå LO, NHO, UNIO, KS, Akademikerne, Virke, Spekter og YS etter at partane møttest til nye forhandlingar klokka 15.

I desember vart det brot mellom partane etter at dei ikkje klarte å bli samde om sjukelønn i ein ny IA-avtale. LO kravde at dagens sjukelønnsordning skulle fredast i fire år, medan NHO ikkje ville gå med på meir enn 18 månader. Kort tid etter braut LO samarbeidet med arbeidsgivarsida på grunn av det dei meinte var ein uærleg prosess før brotet i forhandlingane.

Powered by Labrador CMS