– Svindelen er ein metode som er kjend frå tidlegare svindelforsøk. Svindlaren gir seg ut for å vere dotter til offeret, som har fått nytt nummer. «Dottera» hevdar å ha mista telefonen i toalettet, og treng derfor pengar for å betale den nye mobiltelefonen, skriv politiet.
Dei ber folk om å ikkje svare på tekstmeldinga.
Politiet veit ikkje om det har komme inn meldingar på denne avsendaren, eller om nokon har punga ut til svindlarane i den andre enden.
(©NPK)