Turid Spildo starta dagen med å beise takbord og gje dei siste beskjedane til hjelparen Sebastian.
Foto: Heidi Molstad Andresen/NPK
Turid Spildo: — Eg opplever ikkje at me har selt sjela vår
Turid Spildo (57) trakterer kanskje ikkje førstefela i familien Nerdrum. Men det er ho som er prosjektleiar og ser til at alle speler på lag.
– Eg opplever ikkje at me har selt sjela vår. Kamerateamet slapp heller aldri inn i øvste etasje i huset, der me har vår private bustad.
Turid Spildo lener seg attende på pinnestolen og smiler uutgrundeleg. Det er tidleg føremiddag på Havfuglen café i Stavern og berre nokre dagar att til det restaurerte badehuset skal opne att for sesongen. Over kaféborda ligg det takpanel ho nett er ferdig med å beise, og ute i orangeriet står ein hjelpemann og målar bjelkar. Småtteri, kallar Spildo det. Kafeen fekk si høgtidelege opning alt i juni i fjor. Arbeidet no er berre finpussen ho ikkje nådde innimellom innspeling av NRK-serien og innspurten med museet vegg-i-vegg.
And og lekam
For ja, det er sjølvsagt Nerdrum-museet alt handlar om. Til liks med tv-serien som nær ein million nordmenn har sett, er kafeen berre eit middel til å lokke fleire til monumentet over Spildo sin ektemann gjennom tretti år. I Sjøparken i Stavern skal besøkjande først få føde for anda – og deretter for lekamen. Hjå Turid ventar det høge smørbrød og kaker.