Ane Sandal Solberg og Benedicte Gravdal Mæhlum synest det var stas at kalven Anne Bente er oppkalla etter dei sjølve. Foto: Grethe Hopland Ravn
Ane Sandal Solberg og Benedicte Gravdal Mæhlum synest det var stas at kalven Anne Bente er oppkalla etter dei sjølve.
Det er berre eit lyserosa arr på magen til Gudrun, som vitnar om keisarsnittet som måtte utførast i november. Veterinærane Benedicte Gravdal Mæhlum og Ane Sandal Solberg var fantastiske, meiner ekteparet som eig kua, Leif Bjarte Halleland og Reidun Sande. Foto: Grethe Hopland Ravn
Det er berre eit lyserosa arr på magen til Gudrun, som vitnar om keisarsnittet som måtte utførast i november. Veterinærane Benedicte Gravdal Mæhlum og Ane Sandal Solberg var fantastiske, meiner ekteparet som eig kua, Leif Bjarte Halleland og Reidun Sande.
Det som nesten tok lengst tid i prosessen var å barbera kua før dei skulle gjennomføra keisersnitt.
Det som nesten tok lengst tid i prosessen var å barbera kua før dei skulle gjennomføra keisersnitt.
Ei nyfødd Anne BenteFoto: Privat
Ei nyfødd Anne Bente
Her er veterinærane ferdige med operasjonen, og snart ferdige med å sy igjen magen til kua Gudrun. Foto: Privat
Her er veterinærane ferdige med operasjonen, og snart ferdige med å sy igjen magen til kua Gudrun.
Det var tungt arbeid då operasjonen stod på, og frå start til slutt tok nesten fire timar. Foto: Privat
Det var tungt arbeid då operasjonen stod på, og frå start til slutt tok nesten fire timar.

Dramatisk fødsel på garden

Veterinæryrket er uføreseieleg og krevjande, noko veterinærane Benedicte Gravdal Mæhlum (29) og Ane Sandal Solberg (32) fekk oppleva på nært hald. Dei måtte gjennomføra eit ståande keisarsnitt på kua Gudrun, og resultatet? Ein frisk kalv, oppkalla etter veterinærane.

Publisert Sist oppdatert

Det har snart gått fire månadar sidan Anne Bente blei fødd på fjøsgolvet til Leif Bjarte Halleland og Reidun Sande i Etne. Anne Bente er i dag ein kvikk og ivrig kalv med god matlyst, men livet fekk ein brå start for den unge firbeinte. Ein dramatisk fødsel der både ku og kalv kunne stroke med, men som likevel enda lykkeleg på grunn av dyktige veterinærar.

— Eg kjem aldri til å gløyma kor trygt og godt det var å ha dei to veterinærane til hjelp. Dei var så løysingsorienterte og flinke, og eg er så imponert, seier Reidun Sande.

Ho får støtte frå ektemannen Leif Bjarte Halleland. Dei eig og driv garden på Auestad.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS