Ein dag for alle aldrar
Laurdag var Skakke fylt med liv, lyd og latter då Kulturnatt i Etne samla folk i alle aldrar. Med musikk, teater og aktivitetar for heile familien. Sjå bilete frå dagen i bileteserien.
Det var duka for eit variert kulturprogram under Kulturnatt i Etne. Arrangementet samla både små og store på Skakke, der ein kunne oppleve alt frå musikk og teater til familieaktivitetar. På føremiddagen og utover dagen var det lagt opp til kjekke aktivitetar for heile familien, medan kvelden baud på stemningsfulle opplevingar for vaksne.
Aktivitetar for barna
For dei yngste var det mykje spennande å delta på. Barna fekk prøve seg på trommespel med Tromme-Lars, bygge lego, og nyte musikkinnslag frå Etne skulekorps, musikkskulen og Etne musikklag. Etne bibliotek inviterte til teaterframsyning med den lokale skodespelaren Mathias Høyland, som presenterte Prinsessa med eventyrboka» til stor glede for både barn og vaksne. I tillegg var det open hall for turnaktivitetar, og i storesalen kunne ein sjå utstilling av etnebunad, omsaum og sying. Matserveringa inkluderte mellom anna potetkaker, pannekaker og anna smakfull bakst, og folk fordelte seg rundt på heile Skakke for å nyte dagen.