Abonnentar som er knytt til Etne vassverk, har vore utan vatn sidan tidleg fredag ettermiddag.
Dette skal vere grunna problem med omkopling av hovudvassleidninga til Etne kommune ved Kambe.
— Vi jobbar intenst med saka, men vi kan ikkje seia nøyaktig når vatnet er tilbake. Vi beklagar ulempene dette medfører, skriv Etne kommune i ein SMS til abonnentane.
Ifølgje Eileen Pedersen Selland, kommunalsjef for utvikling og drift, har det vore eit pågåande prosjekt på hovudvassleidninga til Etne kommune i Etne sidan i går kveld.
Grunna dette arbeidet måtte Etne kommune stengja av vatnet i områda Silla, Hølen, Vedlene og delar av Planteskulen torsdag frå klokka 22. Men no er alle abonnentar knytte til Etne vassverk utan vatn.
— Det er ikkje så uvanleg at ein må stengja vatnet i samband med arbeid så tett på vassleidningar, seier Selland.
Oppdatering klokka 14.25:
I følgje Etne kommune begynner dei nå å fylla ledningsnettet, så vatnet kjem snart tilbake.
—Vatnet kan vera grumsete og ha farge. Moglegens må nokre silar skyldast, skriv dei i ein sms til berørte abonnentar.
Saka blir oppdatert.