Frå papir til digital
Grannar sitt godkjente netto opplag for er no på 3.472 eksemplar. Det er auke på 79 samanlikna med andre halvår 2023. Bak tala er det ein nedgang i talet på såkalla komplett-abonnentar, det vil seie dei som både har papiravisa og digital tilgang, frå 2.659 til 2.376. Men talet på reine digitale abonnentar har auka markant, frå 659 andre halvår i 2023 til 1.022 andre halvår i fjor. Talt på dei som berre held Grannar på papir er 74, mot 77 på same tidspunkt i 2023.
Det er auke på 79 eksemplar samanlikna med andre halvår 2023. Det betyr at heile nedgongen frå tilsvarande måling andre halvår i 2023 (-69) er henta inn att. Også året før, i 2022, var det ein tilbakegang ved same måling (-46).
— Me i Grannar har lagt bak oss eitt år med store omstillingar. Hausten 2023 kutta me ut papiravisa på måndagar. Samstundes gav me full gass digitalt. I samband med det dobla me også «opningstida» i redaksjonen, gjennom innføring av kveldsvakter i redaksjonen. Me har no også utvida opningstida på morgonen, og dei fleste vekedagane er det no journalistar på jobb mellom klokka 7 om morgonen og 21 om kvelden, og me har også folk på jobb i helgene. Alt dette i tråd med vår klare ambisjon om vere det føretrekte nettstaden å gå til, for å bli oppdatert på lokale nyhende i Etne og Vindafjord. Dei tilsette har lagt ned ein stor innsats for å kunne levere gode produkt både digitalt og på papir, og då er gledeleg å sjå at omstillinga har gitt positivt utslag på opplagstala, og at trenden med nedgong over nokre år no blei brutt, seier ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen.
Også fleire andre lokalaviser på Haugalandet og i Sunnhordland kan vise til ein god vekst, mens regionavisa Haugesunds Avis må tole ein tilbakegang på 234 eksemplar. Også for Haugesunds Avis er det eit større papirfall som gir nedgang i netto opplag. Komplettopplagget fell frå 7.703 til 5.392. I same periode auka det reine digitale opplaget frå 13.027 til 15.076.
Stabilt i landet
Totalopplaget for norske aviser var på 2,6 millionar i andre halvår av 2024, uendra frå same periode året før. Det heildigitale opplaget aukar med 8,3 prosent, ifølgje ei pressemelding frå Mediebedriftenes landsforbund (MBL). Abonnement som omfattar både papir og digital tilgang, gjekk tilbake 14,4 prosent, medan det reine papiropplaget fall heile 18,1 prosent.
– Overgangen frå papir til digitalt går føre seg for fullt over heile landet, og avisene får brukarane med seg i ein marknad prega av stor konkurranse om folks tid og pengar, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL.
70 prosent av det totale avisopplaget no er heildigitalt, medan 27 prosent abonnerer på både nett og papir. Det reine papiropplaget er på fattige 3 prosent.
Rekordmange aviser
Det blir rapportert opplag på til saman 252 avistitlar for andre halvår 2024, og det er fleire enn nokon gong, ifølgje MBL. Av desse kan 102 aviser gle seg over ein auke i opplaget, medan 141 går tilbake.
Endringa frå papiravis til berre nettavis går gjerne litt gradvis. I fjor kutta 20 aviser talet på utgivingar på papir, medan dei siste tre åra har 59 aviser endra frekvens.
For første gong er meir enn halvparten av abonnementa heildigitale, viser statistikken frå MBL.
Dei nasjonale avisene leier an med ein nettdel på 83 prosent. Hos dei minste går veksten naturleg nok raskast sett i prosent. Hos lokalavisene med opplag under 4000 auka nettdelen med 10 prosentpoeng det siste året og er no på 56 prosent.
VG+ opplagsvinnar
VG+ vart opplagsvinnaren i andre halvår i fjor med nesten 25.600 nye abonnentar. Dei nasjonale avisene auka samla sett med 0,7 prosent – mykje takka vere nettopp VG. Finansavisen auka med over 8000 og hamna på topp hos nisjeavisene.
Stavanger Aftenblad hamna på tredjeplass med nesten 2500 abonnentar. Saman med Fædrelandsvennen, Adresseavisen og Bergens Tidende utgjer Aftenbladet regionavisene, som auka med 1,2 prosent.
Nationen mista rundt 1000 abonnentar, medan Aftenposten opplevde ein nedgang på rundt 4600, det same som Dagbladet+.
Vi las 25 millionar blad
I heile fjor vart det selt 25,2 millionar magasin, ein nedgang frå 27,8 millionar året før. Opplaget omfattar 33 titlar, tre færre enn året før. Nedgangen råkar alle titlane.
Den største magasinkategorien er framleis vekeblad for vaksne kvinner – og Hjemmet er sjølve dronninga. På dei neste plassane kjem Se og Hør Tysdag og Vi over 60. Etter denne kategorien kjem Bolig og interiør og Aktualitet og TV. Til saman utgjer desse tre kategoriane meir enn 70 prosent av magasinopplaget.
Opplaget for norske magasin er på 776.000 og fall 9,8 prosent frå 2023 til 2024.
Opplagstal
Utvalde opplagstal for 2. halvår 2024. Endring frå 2. halvår 2023 i parentes.
Lokalaviser:
Grannar 3.472 (+79)
Sunnhordland 7642 (+205)
Hardanger Folkeblad 5.064 (-49)
Kvinnheringen 3.875 (-98)
Grenda 2.728 (-71)
Suldalsposten 2.605 (+15)
Ryfylke 2.295 (+109)
Tysvær Bygdeblad 2.130 (+12)
Tysnes 1.979 (-54)
Karmøynytt 1.973 (+141)
Stord24 1.676 (+428)
Vestavind 1.567 (-4)
Regionaviser:
Haugesunds Avis 20.633 (-234)
Stavanger Aftenblad 66.665 (+2.469)
Bergens Tidende 88.253 (-905)
Nasjonale aviser:
VG+ 299.498 (+25.596)
Aftenposten 243.921 (-4.674)
Dagens Næringsliv 96.716 (-1.172)
Dagbladet Pluss 80.435 (-4.621)
Finansavisen 37.041 (+8.014)
VG (papirutgåva) 28.772 (-4.100)
Vårt Land 20.909 (-251)
Nettavisen 20.222 (+2.170)