Stolt viser Brita Andenes Haaland og Sverre Haaland fram huset dei tok over i fjor haust.
Stolt viser Brita Andenes Haaland og Sverre Haaland fram huset dei tok over i fjor haust.

Pussar opp sveitserhus frå 1923

Kva var det som fekk Ivar Rotvold frå Eikås på Bjoa til å kjøpe tomt og bygge eit sveitserhus på Haugsgjerdet? Uansett, etterkommarane hans vil ta vare på det staselege huset.

Publisert Sist oppdatert

(TYSVÆR BYGDEBLAD): På garden Nyvoll på Haugsgjerdet i Vindafjord kommune, står eit ærverdig sveitserhus frå 1923. Det ligg tett på hovudvegen og merker seg ut blant dei andre husa i bygda. Huset blei bygt av Ivar Rotvold, og har vore i slekta i eit hundreår. Historia fortel at han flytte hit for blant anna å komme nærare ferdselsårene. I dag er det ekteparet Brita Andenes Haaland og Sverre Haaland frå Tysvær som eig hus og gard, og det kom i deira eiga fordi morfar hans høyrde til denne slekta. Ekteparet kjøpte eigedomen hausten 2024, og er nå i gang med ei djerv og omfattande restaurering. Begge er svært historieinteresserte og har som mål å ta godt vare på huset sitt særpreg, både inventaret og gjenstandar som følgde med huset. Me blir ynskt velkommen til gards med kaffi og kaffimat, servert i finstova, der møblar og tekstilar set stemninga som tar oss tilbake til ei anna tid. Vertane våre er glade i å fortelje, og me får historia til slekta, garden og det spesielle huset.

Gammal bustad

Garden som Ivar Rotvoll kjøpte var ikkje jomfrueleg – det seiest at det har budd folk her sidan 1300-talet. Det var ein lageleg stad, med ei god elv like ved der ein kunne ha både sag og kvern. Det stod eit gammalt hus på garden som blei flytta til Romsaøya utanfor Haugsgjerdet. Ivar slo verkeleg på stortromma då han bygde sveitserhuset med tre etasjar og kjellar av naturstein. På denne tida var det ikkje vanleg med innlagt vatn, og elektrisitet kom til bygda først seint på 1940-talet. Toalettforhalda på denne tida enkle- det var utedo i løa.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS