Rekordtal for Lundeneset – stabil vekst for Ølen
Søkartala for dei vidaregåande skulane i Vindafjord viser ein markant auke i søkarinteressa for Lundeneset vidaregåande skule, mens Ølen vidaregåande skule har ein stabil vekst.
Lundeneset vidaregåande skule har sett ny rekord i søkartal for skuleåret 2025. Heile 240 elevar har skulen som førsteval på VG1, ein oppgang på 58 prosent samanlikna med fjoråret. Også totalt sett har skulen opplevd ein solid vekst, med 404 søknader på alle trinn, samanlikna med 297 i 2024.
Rektor Gustav Løge Fosse gler seg stort over interessa.
— Dette er ekstremt gode tal. Det er utruleg kjekt at så mange tenker på Lundeneset som eit alternativ og har søkt hos oss, uttalar han på Lundeneset sine eigne heimesider.