Surdeig i vinden
Anne Synnøve Stakkestad er hobbybakar, og har nå laga seg eit utsal av surdeigsbakst heime på garden i Sandeid. På opningsdagen kom det og gjekk folk heile dagen, og i løpet av førti minutt var ho utseld for kanelsnurrar.
Det er laurdags føremiddag og flagget er kome opp på veggen utanfor det nyoppussa lokalet til Skeiegård surdeigsbakst. Anne Synnøve Stakkestad (35) har opna dørene for første gong. Ho står med brødkorga i handa, fletter i håret, skaut og eit brunt forkle i brun lin og ønsker velkommen med eit stort smil om munnen. I mellomtida står baksten og steiker inne i omnen i huset hennar. Det er ein nydeleg dag med snø og sol, men det stoppar ikkje kundane frå å koma og kjøpa seg nysteikt bakst.
—Det verkar som surdeig er i vinden hjå folk. Det har vore stor interesse, seier Stakkestad.
Det er berre tjue minutt sidan ho opna, og allereie har folk kome og gått i den koselege butikken hennar, i gammaldags, rustikk stil. I løpet av førti minutt har ho selt ut heile første runden av kanelsnurrar. Ingen tvil om kva som var mest populært.