— Ein bil har køyrd i autovernet, skeia ut i motgåande køyrefelt og truffe ein annan bil, melder Sør-vest politidistrik på X ved 17-tida sundag ettermidag.
Hendinga skjedde på E134 ved Kyrping, heilt vest i Åkrafjorden.
— Ulykka framstår som alvorleg. Redningshelikopter og luftambulanse er sendt til staden, meldte operasjonsleiar Rune Tallaksen ved Sør-Vest politidistrikt klokka 16.42.
To bilar har kollidert på E134 ved Kyrping.
FOTO: TIPSAR
Ved 18.20-tida opplyste innsatsleiar Tore Frøyland-Jensen til Grannar at ein person er alvorleg skada, og er frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambilanse.
Tre andre er lettare skada, og tatt med til Haugesund sjukehus for sjekk.
Det var to personar i kvar av dei involverte bilane.
Trafikken stod
Vegen var stengt på begge sider av staden etter ulykka.
Klokka 16.59 meldte politiet at luftambulanse og redningshelikopter hadde landa på staden.
Klokka 17.10 starta køen på austsida ved Markhustunnelen, fekk Grannar opplyst av tipsar.
Klokka 17.10 var det kø forbi Markhustunnelen retning austover.
FOTO: TIPSAR
Ved 17.20-tida opplyste Grannar sin journalist Renate Sævareid, som då var kome fram til staden, at to redningshelikoptre var på plass. Det same var fire brannbiler og tre ambulansar.
— Det er veldig mykje redningspersonell på staden, sa ho.
Manuell dirigering
Vegen blei opna att like etter klokka 18, det var då manuell dirigering på staden.
Grannar har snakka med to personar som begge var vitne til sjølve hendinga. Dei fortel at ein bil som kom køyrande austover hamna i grøfta på høgre side. Den skal ha treft eit trafikkskilt og eit gjerde før den hamna så oppå eit autovern, før bilen hamna i fronten på ein personbil som kom køyrande vestover.
Personen som blei floge til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse var passasjer i bilen som blei treft av bilen som først hamna i grøfta og i autovernet før den kolliderte med motgåande bil, opplyser politiet.
Det er 80-sone på staden.
Politiet har tatt beslag i førarkortet til ein mann i 20-åra etter ulykka.
Det var mykje trafikk ned frå fjellet og kilometervis med køar på E134, særleg aust for ulykkesstaden. Bildet er tatt ved Markhus-krysset.
FOTO: TIPSAR
Ved 19-tida var det framleis lang kø frå aust mot ulykkesstaden, viser oppdatert kart frå Statens Vegvesen. (Rød linje indikerer stor forseinking):
— Vegen er opna, men det manglar litt skilting. Framleis lange køar, men minst kø austover, meldte politiet klokka 19.05.
Like etter klokka 19 var det framleis lange køar forbi ulykkesstaden.
FOTO: TIPSAR