Me kjende eit stort vemod då meldinga kom om at Vidar var borte.
Han vart fødd inn i eit miljø som no er historie. Det var med sjøen ved kaien at alt hende. Der kom varene i land, og der blei varer sende. Folk reiste, med båtar og bussar. Folk gjekk på kaien når båten kom og gjekk om kvelden. Børretzen-familien var også med i fiskebruk og dei eigde lakserett i elva.
I alt dette levde og arbeidde Vidar, som gut, ungdom og yrkesaktiv. Utan dei store faktene fekk han heile bygdelivet med seg. Det var utruleg interessant alt han visste om fjorden, elva, bygda og bygdefolket.
Han var også aktiv i kulturarbeid, kanskje mest i idrettslaget. I nokre år, før Grannar si tid, gav idrettslaget ut ei spesiell lagsavis med det flotte namnet «Sleivspark». Vidar var sentral i «redaksjonen.» Det var ei meldingsavis, med ein humoristisk vri. Avisa var skriven på stensil og trykt på spritdublikator.
Eg kom ein gong inn på kontoret hans, der han sat og skreiv på neste nummer; De går kje så fort me ein fing, flirte han.
Det måtte vera rart å oppleva at tidene endra seg, og at det som vart rasjonalisering av varetransport og reisemåtar gjorde at arbeidsplassen hans vart borte. Men han vart ein dugande «møllemeister» som gjorde sitt beste for møllekundane.
Me kjenner eit stort tomrom etter Vidar, og takkar for det han var.
Einride Aakra