Vindafjord-jentene tok NM-sølv
Kampane blei spelte i Førdehuset.
Solid gjennom turneringa
Vindafjord starta turneringa med overtydande spel i gruppespelet fredag, der dei vann begge kampane utan å tape eit einaste sett. I den første kampen slo dei Stovner SK 25-16 og 25-6. Kamp nummer to mot Tromsø enda med 25-13 og 25-17.