Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bygde seg til siger i fylkesfinalen

Publisert Sist oppdatert

— Eg blei litt overraska over å vinna. Alle andre gjorde det bra og eg var redd golvet mitt var litt skeivt, seier Linda Eike etter at ho drog i hamn sigeren i fylkesmeisterskapet for tømrarelevar.

Konkurransen, som blei arrangert av vidaregåande skular i Rogaland, gjekk av stabelen på Gand vgs. i Sandnes. I løpet av ein halv skuledag skulle deltakarane snikra eit bjelkelag og setja opp vegg på to sider med bindingsverk. Meisterskapet var ope for alle vidaregåande skular i fylket og etter ein kvalifiseringsrunde gjekk dei tre beste frå tre skular vidare til finalen.

— Me var til saman åtte deltakarar. Alle i alderen 17 til 18 år, seier Linda som representerte Tryggheim vgs. på Nærbø der ho er elev på andre året.

Powered by Labrador CMS