Cirkus Arnardo må flytta
Cirkus Arnardo kjem snart til Ølen for første gong på ni år, men må flytta frå sentrum til Ølen Næringspark. Etter gode løysingar i samarbeid med Vindafjord kommune, kan dei no reisa landets største sirkustelt på Nerheim, klare for tre framsyningar dei neste dagane.
Cirkus Arnardo hadde planlagt å slå opp sirkusteltet på den faste tomta i Ølen sentrum, slik dei har gjort ved tidlegare besøk. Men etter at det nye kulturhuset kom på plass, har området krympa og gir ikkje lenger plass til det store sirkusteltet og følgjebilar.
— Me har med oss landets største sirkustelt i år, seier sirkusdirektør Are Arnardo og legg til at dei er breie over skuldrene.
— Me treng både stor diameter på teltet og god plass til alle køyretøya våre, seier direktøren i ei pressemelding tysdag.