Frå idé til treningssenter på rekordtid
Styret har gjort det meste sjølv – frå oppussing til montering av utstyr.
Etter innspel frå Svein Krokedal om å starta treningssenter i kommunehuset i sentrum lagde dei til ei spørjeundersøking om folk i Vikedal ønska treningssenter, der fekk dei veldig bra respons. Så då heiv dei seg rundt. Dei er ein driftig gjeng i styret. Når dei først hadde bestemt seg i februar i år, fekk dei opp alt i løpet av ein god månad, og opningsdatoen var 22.mars.
— Me har gitt bånn gass for me var gira på å få starta opp i vår, seier Skipevåg.