Dagleg leiar Stian Magelssen i Fikse Næringsforening under eit formannskapsmøte i Vindafjord. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Dagleg leiar Stian Magelssen i Fikse Næringsforening under eit formannskapsmøte i Vindafjord.

Næringsliv

Gir støtte til næringsorganisasjon

Eit fleirtal i formannskapet i Vindafjord kommune gjekk inn for å gi eit samla tilskot på 217.056 kroner for 2024 og 2025 i medlemsavgift til Fikse Næringsforening. Løyvinga skapte debatt blant lokalpolitikarane.

Publisert Sist oppdatert

— Vindafjord er ein næringsvennleg kommune, og me har fått til mykje saman med næringslivet, sa ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) under formannskapsmøtet 8. april.

Åtte av ni medlemmar i formannskapet stemte for å gi kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fullmakt til å utbetale årleg medlemsavgift til Fikse Næringsforening med utgangspunkt i 12 kroner per innbyggjar, eit samla tilskot på 217.056 kroner for 2024 og 2025. Dekninga i 2025 skal skje gjennom ubundne disposisjonsfond. Frå 2026 må medlemsavgifta innarbeidast i budsjettet. Ei årleg auke som overstig ordinær indeksregulering, må handsamast særskilt av kommunestyret.

Saka skal opp til endeleg behandling i kommunestyret tysdag 29. april.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS