Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

I gang med tursesong

Publisert Sist oppdatert

— Hovudmålet for Friluftslivets år 2025 er å skapa begeistring for eit naturvennleg friluftsliv og senka terskelen for å delta. Ut på tur i Vindafjord passar perfekt til dette målet, skriv Vindafjord kommune på nettsida si.

Kommunen oppmodar alle til å bli med på tur frå 13. april og heilt fram til 31. oktober. Ein kan velja mellom to kategoriar turar: ni hovudturar og seks lettare, tilrettelagde turar. Går du alle ni turane og samlar alle kodeorda, er du med i trekninga av gåvekort. Det same gjeld om du går minst fire av seks tilrettelagde turar. Kodeorda kan du levera på papir eller registrera digitalt innan 7. november.

Vindafjord kommune rettar ein stor takk til alle frivillige som har gjort ein innsats for å merka stiar, plassera turkassar og leggja til rette for at alle bygder kan delta. Desse eldsjelene gjer det mogleg å arrangera Ut på tur kvart einaste år.

Powered by Labrador CMS