Andreas Bakkerud blir å finna på startstreken under sesongopninga i Vikedal.
Arkivfoto: SVEIN-ERIK LARSEN
Sport
Med verdsmeister på deltakarlista
Den 1. mai brakar det laus på motorbanen i Vikedal med sesongstart for bilcross, crosscart og rallycross. Blant rallycross-utøvarane blir tidlegare verdsmeister Andreas Bakkerud å finna på startstreken.
— Bakkerud kjem. Han er meldt på, seier leiar i NMK Vikedal, Karina N. Nonslid.
Rallycrossføraren frå Bergen stiller til start i RC 2400 ccm og skal konkurrera saman med to andre bergensarar og ein vikedalsbu.
Under løpsdagen første mai bli det konkurrert i fire klassar i rallycross, seks klassar i crosskart og tre klassar i bilcross. I tillegg blir det for første gong opna for konkurranse i Bilcross Nestgen, som er ein eigen klasse for dei yngste bilcross-førarane. I denne klassen kan ein delta frå det året ein fyller 12 år.