Maria Djuve Vågen (32) har ti års erfaring frå Omega 365 Design. Denne veka tok ho over som dagleg leiar i design- og kommunikasjonsbyrået. Foto: Omega 365 Design
Maria Djuve Vågen (32) har ti års erfaring frå Omega 365 Design. Denne veka tok ho over som dagleg leiar i design- og kommunikasjonsbyrået.

Næringsliv

Ny leiar i Omega-selskap

Maria Djuve Vågen (32) frå Ølen er ny dagleg leiar i design- og kommunikasjonsbyrået Omega 365 Design.

Publisert Sist oppdatert

— Omega 365 Design skal halda fram med å levera kvalitet innanfor dei fem fagfelta våre: nettside, profileringsprodukt, kommunikasjon, film og design. Me vil vera det føretrekte og beste valet for små, mellomstore og store aktørar på Haugalandet og i Ryfylke, seier Maria Djuve Vågen i ei pressemelding.

Selskapet held til i Medvind-bygget i Ølensvåg, tett knytt til hovudkontoret til Omega 365-konsernet, som ligg berre nokre meter unna.

Ho er utdanna frå universitetet i Calgary og har ti års erfaring frå selskapet. I Omega 365 Design har ho gått frå sommarjobb i kommunikasjonsavdelinga, til prosjektleiar, teamleiar – og startar denne veka som dagleg leiar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS