Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

ETNE IL
Sebastian Rafdal(til venstre) skåra Etne sitt mål, medan Simen Håland Sørheim fekk sjå det gule kortet i tapet mot Kopervik 2.

Surt heimetap

Etter bortesigeren mot Nord 2 før påskeferien, hadde nok heimelaget teke sikte på ein ny siger då dei tok imot Kopervik 2 tirsdag kveld. Men det var bortelaget som teikna seg for den første skåringa. Etter 36 minutt sette Emil Alexander Haak-Fostenes ballen bak Lars Øvernes i Etne-målet, og Kopervik kunne gå inn til pause med ei 0-1 leiing.

Heimepublikumet fekk nytt håp då Etne kvitterte rett etter pause. Det var Sebastian Rafdal som sette inn utlikninga. Kampen stod etter dette og vippa på stillinga 1-1, men etter 78 minutt kom sigersmålet. Det var Morten Bådsvik Kristiansen som sikra sigeren for Kopervik 2.

Trenar Kenneth Hegerland meinte at Etne hadde fortent poeng i oppgjeret.

Powered by Labrador CMS