Energi
— Veldig positivt for planane på Dommersnes
Energidepartementet har sendt notifiseringa av støttemodellen for flytande havvind i Utsira Nord til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port og Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) er glade for nyheita.
— Dette er veldig både positivt for flytande havvind og planane på Dommersnes, seier dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port.
I november 2024 annonserte styret i selskapet at dei utsette oppstarten av fase 1 i den planlagde utviklinga av industriområdet i Vikebygd. Bakgrunnen er utsetjinga av Utsira Nord, uavklarte rammevilkår for flytande havvind i Nordsjøen og auka utbyggingskostnader, heitte det i ei pressemelding frå Windafjord Port den gongen.
Ein reguleringsplan for heile prosjektet er på høyring fram til 22. april.
Lettare å få finansiering
I ei pressemelding tysdag skriv Energidepartementet at dei vil lyse ut konkurransen om prosjektområda så snart som mogleg etter at ESA har godkjent modellen.
— Det vil gjere det lettare å kome i hamn med finansiering framover, men me må nok framleis ha tolmod, sidan tildelingsmodellen er todelt og prosessane lange, seier Jorde.
Den foreslåtte støttemodellen vil ifølgje energiminister Terje Aasland (Ap) ta utviklinga av flytande havvind og Utsira Nord eit stort steg vidare. Han ser fram til å lyse ut konkurransen så snart som mogleg etter at ESA har gitt klarsignal.
— Regjeringa si satsing på havvind blir ført vidare med stø kurs, seier Aasland i pressemeldinga.
Trur på lokal aktivitet
Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) er kjempeglad for at notifikasjonen er sendt. Han trur Energidepartementet har hatt dialog med ESA før sendinga, så det er mogleg at godkjenninga ikkje vil ta så lang tid.
— Det ser lyst ut for at me snart får den første utlysinga, seier Vierdal.
Sjølv har han brukt litt tid på å jobba for å få fart på utlysingane til Utsira Nord, med sikte på ringverknadar i Vindafjord og på Haugalandet. Han har ved fleire høve informert formannskapet og kommunestyret om dialog med departementet, og jobba i ei gruppe i Haugaland Vekst. I tillegg til Windafjord Port har AF Gruppen planar om eit liknande prosjekt på miljøbasen sin på Raunes i Vats.
— Eg har håp om at det skal kome aktivitet knytt til havvind, og at me skal bli ein del av det. Det vil styrke arbeidslivet og næringslivet her på Haugalandet endå meir, meiner ordføraren.
35 milliardar
I notifiseringa legg departementet til grunn ein modell der tildeling av prosjektområde og statleg støtte skjer i to steg, med ein modningsfase i mellom. Tre prosjektområde vil bli tildelte i ein konkurranse basert på objektive og ikkje-diskriminerande kvalitative kriterium.
Etter ein modningsperiode på om lag to år vil aktørane som har fått tildelt prosjektområde få moglegheit til å delta i ein auksjon om statleg støtte. Auksjonen vil bli lagt opp slik at eitt prosjekt kan få støtte til ei utbygging med kapasitet på 500 megawatt. Vinnaren av auksjonen er den aktøren som treng minst statleg støtte for å realisere sitt prosjekt. Stortinget har sett den øvre finansielle ramma for statsstøtta til 35 milliardar kroner. Støtta vil bli gitt som investeringsstøtte.
Det er første gongen ein slik modell blir handsama etter regelverket for statsstøtte. Utviklinga av modellen har gått føre seg i dialog med havvindnæringa og ESA. ESA vil no formelt handsame notifiseringa.
Møte om alternativ plan
Alle er ikkje like positive til nyheita frå Energidepartementet. Foreininga Bevar Ålfjordens Perle, som jobbar mot planane til Windafjord Port, er skeptiske til at staten skal bruke store pengar på Utsira Nord.
— Ikkje minst for Dommersnes sin del, håpar me at ESA underkjenner den høgst kontroversielle 35 milliardar subsidiemodellen til regjeringa for Utsira Nord, altså til ein industri som ikkje er i nærleiken av å kunne stå på eigne bein, fortel styreleiar Jon Magne Svendsbøe.
Måndag 14. april planlegg foreininga, saman med Vikingstad AS, å halde eit ope folkemøte på bygdahuset i Vikebygd. Der skal dei presentere sine høyringssvar, og Vikingstad AS presenterer den alternative moglegheitsstudien for Dommersnes dei har gjennomført.
— Me vonar møtet kan inspirera folk til å skrive merknadar sjølv, seier Svendsbøe.

Kjetil Vikingstad og selskapet hans Vikingstad AS har gjennomført ei moglegheitsstudie.
FOTO: PRIVAT