Viktig arbeid i hagen om våren
Våren er ei travel tid for hageinteresserte, og det er mykje som må gjerast for å sikra ein frodig og velstelt hage gjennom året. Solfrid Wannberg som er leiar i Vindafjord hagelag kjem med sine beste tips til stell av hage nå på våren.
Vindafjord Hagelag, med sine over 80 medlemmar, har mykje kunnskap og erfaring å dela. Med eit variert program som hagevandringar, planteloppemarknad og ulike kurs, er det mange moglegheiter til å læra og utvikla hagestellet sitt. Solfrid Wannberg har mykje erfaring med hage, og har til og med skrive ei bok på temaet. Nå kjem ho med sine beste råd til kva ein burde gjera i hagen om våren. Men det viktigaste av alt.
— Hugs at hage og skal vera kos, seier Wannberg.
Rydding og planting