Øyvind Halleraker er dagleg leiar i Stavanger2Bergen jobbar for at Rogfast skal bli følgd opp med Hordfast og fleire mindre prosjekt som knyttar Vestlandet saman.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Avviser avgiftsbekymring
Dagleg leiar Øyvind Halleraker i Stavanger2Bergen har merka seg at lokalpolitikarar i Vindafjord fryktar at kommunen skal måtte betale driftstilskot til foreininga i samband med eit aksjekjøp. No går han ut for å roe dei som fryktar ein ny utgiftspost.
— Selskapet blir drifta av store bidrag frå bedrifter på Vestlandet. Det vil ikkje bli bedt om driftstilskot frå kommunane, seier Halleraker onsdag morgon.
Dagen før vedtok kommunestyret at Vindafjord kommune skal kjøpe fem aksjar til ein samla verdi av 100.000 kroner, med føresetnad om at dette ikkje forpliktar til framtidige driftstilskot. Under debatten antyda fleire politikarar at dei trur dei før eller sidan vil få ei sak om driftstilskot på bordet, og at det vil bli vanskeleg å seia nei.
Millionar frå næringslivet