Kong Harald får blomster frå Elina Kambe Johansson.
ARKIVFOTO: GRETHE NYGAARD
Eit år sidan kongefesten
Fredag er det eit år sidan kongeparet blei teke imot av mellom 3.000 og 4.000 personar i Ølen. Ordførar Ole Johan Vierdal har gode minne frå dagen og trur besøket gjorde fleire merksame på Vindafjord og kva kommunen har å tilby.
— Det var stas å få kongeparet på besøk, seier ordførar Ole Johan Vierdal.
30. mai 2024 gjekk kong Harald og dronning Sonja i land med Kongeskipet Norge. Kongeparet møtte ei svært stor folkemengd i Ølen. Politistasjonssjef Fredrik Alvestad talfesta besøkstalet til mellom 3.000 og 4.000 personar den gongen. Dette er den største folkeforsamlinga i Vindafjord Vierdal har vore borti i si tid som ordførar.
Besøket blei markert med eit stort arrangement med både talar og musikk på Sjøperlo, utstilling frå nokre lokale bedrifter, og ei rekkje mindre arrangement utover dagen.