Dei nye daglege leiarane i Skjold IL har lang fartstid i klubben: Bjørn Skjoldevik, Stine Kringlebotten Myge og Rune Rydningen.
Foto: Sarah Elise Falkeid/Tysvær Bygdeblad
Tysvær
Etnebu skal leie idrettslag
Den utflytta etnebuen Stine Kringlebotten Myge (37) er saman med Bjørn Skjoldevik Johnsen (48) og Rune Rydningen (49) tilsette som nye daglege leiarar i Skjold Idrettslag.
— Korleis landa de på desse tre?
— Dei har vore veldig engasjerte i klubben gjennom mange år allereie, og alle har hatt eit ønskje om å bidra meir. Me ser òg at det kan vere einsamt å vere åleine i ei slik stilling, og at me vil få ein fordel av at tre personar jobbar saman, seier Espen Bjørgen til Tysvær Bygdeblad.
Bjørgen er styreleiar i Skjold Idrettslag.