Lisa Marie Ness Klungland,stortingsrepresentant for Senterpartiet, medlem av energi- og miljøkomitéenFoto: Senterparitet
Lisa Marie Ness Klungland,stortingsrepresentant for Senterpartiet, medlem av energi- og miljøkomitéen

Debatt

Folkevalde må heia på kvarandre i staden for å henga ut kvarandre

Valkampen er openbart i gong i Vindafjord SV. For nokre veker sidan sendte gruppeleiaren i Vindafjord SV mail til sine stortingsrepresentantar ihhv. Rogaland og energi- og miljøkomiteen med spørsmål om kraftlinjer. I den same mailen låg óg Terje Halleland i frå Vindafjord Frp, Sofie Marhaug i Vestland Raudt og eg. Når gruppeleiarar frå andre parti sender mail til sine eigne partifellar reknar eg med at det er dei som skal svara. Det ser eg og er blitt gjort. Så langt har alt gått bra.

I lesarinnlegg rettar då den same gruppeleiaren frå Vindafjord SV kritikk mot meg og Terje Halleland fordi me ikkje har svara. Ut i frå det eg les i Grannar ser det ut som at Ravatn frå SV har fått svar på spørsmåla sine. Likevel hevdar ho at me som lokale stortingsrepresentantar ikkje har gjort vår plikt og svart ut vanlege veljarar. Eg får stadig vekk meldingar frå vanlege veljarar som eg svarar ut. Eg har fått spørsmål frå folk i Vindafjord knytt til desse kraftlinjene som eg har svart på. Ein gruppeleiar i eit parti er ikkje ein vanleg veljar.

Denne våren har me rekordmange sakar å behandla på Stortinget. I energi- og miljøkomiteen har me aldri hatt så mange sakar til behandling samtidig. Senterpartiet har blant anna føreslått å la staten ta betalinga for store nettutbyggingar, å ta bort el-avgifta, å melda Noreg ut av ACER, å seia nei til EUs fjerde energimarknadspakke, å stoppa nye utanlandskablar og å stansa ytterlegare elektrifisering av sokkelen med kraft frå land. Når det gjeld kraftlinjer blei det bestemt av Stortinget for nokre år sidan at desse skulle som hovudregel gå gjennom lufta. Skal det endrast må det ei større behandling i Stortinget til. Det ligg ikkje ei slik sak til behandling i Stortinget nå, noko eg reknar med at Ravatn i SV fekk til svar frå sine kollegaer.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS