Saksøkjer staten. Direktør Atle Berge i Ølen Betong Gruppen AS går til sak mot staten med krav om erstatning for tap oppstått av uønska rekrutteringsforsøk av Norsk etterretningstenesteFoto: Irene Mæland Haraldsen
Gründeren Atle Berge har gitt pengar til partiet FOR. Han er ute av Ølen Betong AS. ARKIVFOTO

Har gitt millionbeløp til parti – sponsa kontroversiell kampanje

Publisert Sist oppdatert

— Ja, eg har gitt og skal gje ytterlegare beløp til partiet FOR. Det er eit kjempeflott initiativ, og det trengst. Det er totalt snakk om millionbeløp, og det kan bli meir, skriv han i ein e-post til Dagbladet tysdag kveld.

Han utdjupar:

— Eg har gitt beløpet til FOR slik at pengane kan brukast til aktiv marknadsføring av partiet fram til komande val. Det er svært viktig at det finst eit parti som har eit fredsbodskap og ikkje vil bruke store midlar på krig og militær opprusting.

Aktiv i Russland

Atle Berge hadde styringa frå Ølen Betong blei stifta i 1974 og fleire tiår framover, men i 2023 gjekk han heilt ut av selskapet. Han har sterke næringsinteresser i Russland og seier til NRK tysdag at han framleis driv stort med verksemd i landet. I sosiale medium skriv han at han for tida bur i Murmansk, og at han der driv ei bedrift med om lag 50 tilsette.

— Me skal levere inn anbod på ei rekkje store prosjekt, seier Berge til NRK tysdag.

Partileiar i FOR, Marielle Leraand, stadfesta Berge sitt namn i Debatten på NRK tysdag kveld. Marielle Leraand seier til NRK at Berge deler deira politiske syn.

— Han gjer det fordi han har det same synet som me har, på at det som trengst i krigen, er fredsforhandlingar, sa Leraand under Debatten.

Berge har lenge vore tydeleg kritisk til Noreg sin støtte til Ukraina på sosiale medium, og dei seinaste dagane har han delt fleire innlegg som omhandlar dei aktuelle plakatane i Oslo. Eit av slagorda på plakatane har vore: Nei til 85 milliardar til krig i Ukraina». Kampanjen til partiet FOR skapte stor merksemd då det blei sett opp svært mange plakatar i T-banevognene i Oslo. Den blei brått avslutta måndag kveld, men partileiar Marielle Leraand var godt nøgd.

— Kampanjen vår har vore vellukka. Me har nådd ut med bodskapen vår, seier Leraand til NRK.

Konflikt med staten

Berge sin historie med Russland strekkjer seg langt tilbake i tid. På byrjinga av 2000-talet oppretta Ølen Betong ein betong- og betongelementfabrikk i Murmansk i Russland. På den tida var Berge eigar av betongkonsernet med hovudkontor i Ølensvåg og såg moglegheiter i å investera i nabolandet i aust.

Fabrikken stod ferdig i 2008. Berge var ansvarleg for drift og hadde av den grunn mange turar til byen på Kolahalvøya nordvest i Russland. Etter ei tid blei Berge fleire gonger kontakta av Norsk etterretningsteneste i Ølen. Dei ville verva han som spion, men Berge svara klart nei.

I 2016 blei Berge, under ein av sine mange turar til fabrikken i Murmansk, pågripen av russisk sikkerheitspoliti og skulda for å vera spion og for å samla inn informasjon for den norske staten. Skuldingane førte til at han blei utestengd frå Russland i 10 år. Utestenginga skapte utfordringar for drift av fabrikken i Murmansk, og i 2020 gjekk han til sak mot den norske staten og kravde over 150 millionar i erstatning for tap som følgje av rekrutteringsforsøka.

Saka enda med tap i fleire rettsinstansar. I desember fortalde Berge til Grannar at han førebur å ta opp saka på ny. Dette uttala han i samband med utgivinga av ei bok.

Onsdag morgon gjekk Ølen Betong AS ut med ei pressemelding der dei slår fast at selskapet ikkje har noko tilknyting til Atle Berge.

Powered by Labrador CMS