E134 Bakka-Solheim
— Kjem til å kjennast kraftig på lommeboka
Fleirtalet i Vindafjord kommunestyre gjekk inn for å vere prinsipielt positive til bompengar for å få fart på Bakka–Solheim-prosjektet. Mats Årvik (Frp) reagerer på at byrda for ein europaveg blir lagt på lokalbefolkninga.
— Når desse bomstasjonane kjem, vil dei bli strategisk plasserte der det er flest daglege passeringar. Dette kjem til å kjennast kraftig på lommeboka til innbyggjarane i Vindafjord kommune, sa Mats Årvik (Frp) i eit kommunestyremøte tysdag 29. april.
Med 21 mot tre stemmer vedtok kommunestyret at Vindafjord skal vere prinsipielt positive til ei bompengeløysing for utbygging av E134 mellom Bakka og Solheim.
Stor byrde