Ølen Betong distanserer seg frå Atle Berge: — Har ingen tilknyting
Ølen Betong AS har ingen tilknyting til Atle Berge, som i går blei nemnd med namn i NRK Debatten som finansiør av partiet Fred og rettferd (FOR) si reklamekampanje på T-banen i Oslo og på Oslo S. Ølen Betong AS har heller ikkje noko verksemd i Russland. Dette melder selskapet i ei pressemelding onsdag.
I pressemeldinga skriv Ølen Betong at dei, etter NRK Debatten med Fredrik Solvang, har fått ei rekkje pressehenvendingar og andre typar reaksjonar. Difor ønskjer selskapet å vera krystallklare.
— Sidan mars 2023 har Atle Berge ikkje hatt nokon form for tilknyting til Ølen Betong. Han har heller ingen eigardelar i selskapet i dag, seier Bjørn Richard Johansen i Geelmuyden Kiese, som er talsperson for selskapet.
Driv ikkje i Russland
Johansen seier at det kan vera lett å misforstå, basert på noko av det som blei sagt i NRK Debatten i går kveld og den påfølgjande pressedekninga. Selskapet ønskjer difor å vera heilt tydelege: Det finst inga tilknyting mellom Atle Berge og Ølen Betong i dag. Dette kapittelet blei avslutta for over to år sidan, då Atle Berge selde seg heilt ut av verksemda.
Ølen Betong AS er eit heileigd dotterselskap av ØB Group AS, som blei etablert i 2021 for å samla eigarskapet til Ølen Betong AS, Ølen Betong Transport AS og tilhøyrande dotterselskap. Dette var ein del av ei større omstrukturering innan Nordic Concrete Group (NCG).
— Ingen av desse selskapa har i dag nokon tilknyting til Atle Berge, seier Johansen.
Som selskapet mellom anna formidla i ei eiga pressemelding 6. mars 2023:
Ølen Betong driv ikkje verksemd retta mot Russland og bryt dermed ikkje sjølv nokon sanksjonar i Russland-forskrifta. Ølen Betong opererer heller ikkje på noko anna vis, verken direkte eller indirekte, i strid med gjeldande sanksjonslovgiving. Ølen Betong har ikkje aktivitet retta mot sanksjonerte partar.
Trekte seg frå alle verv
Selskapet opplyser at Ølen Betong AS er 100 prosent eigd av ØB Group AS, som igjen er 100 prosent eigd av Nordic Concrete Group AS ("NCG"). Ølen Betong Gruppen AS eig 50 prosent av aksjane i NCG.
Tidlegare eigde Ølen Betong Gruppen AS 100 prosent av aksjane i Ølen Betong Murmansk AS, som igjen eig alle aksjane i det russiskregistrerte selskapet OOO Olen Betong ("Olen Russland"). Alle aksjane i Ølen Betong Murmansk AS blei i 2022 selde til Bergshagen Invest AS. Bergshagen Invest AS har sidan selt sine aksjar i Ølen Betong Gruppen AS og har dermed ikkje lenger noko tilknyting til NCG. Samstundes har Atle Berge, som er eineeigaren av Bergshagen Invest AS, trekt seg frå alle styreverv i selskap eigde av Ølen Betong Gruppen AS/NCG.
I ein kommentar på Ølen Betong si Facebook-side, under delinga av pressemeldinga, skriv Atle Berge at dei opplysningane som kjem fram i dette oppsettet ikkje er korrekte, utan å konkretisere kva han meiner er feil. I 2023 stadfesta Atle Berge at han ikkje lenger har nokon formelle eller uformelle bindingar til Ølen Betong-selskapa i Noreg – korkje gjennom eigarskap eller via styredeltaking.