Skogen som leikeplass fekk nytt liv
Barn og tilsette i Skjold barnehage stod klare med flagg då Leif Gunnar Mo kom til opninga av den oppgraderte naturleikeplassen deira, som dei fekk rusta opp takka vere ei pengegåve på 25.000 kroner frå Mo.
— Det er blitt veldig bra her, og så kjekt å sjå resultatet, seier Leif Gunnar Mo.
Krava han hadde til pengegåva, var at alt skulle gå til barna – og slik blei det.