Sport
Solid siger for Etne
Heimepublikumet i Etne fekk med seg ein herleg første omgang av grøntrøyene onsdag kveld. Bremnes 2 låg to poeng føre Etne på tabellen foran kveldens kamp, og det var forventa eit jamnt oppgjer. Det vart det óg, når det kom til banespelet, men i effektivitet var heimelaget mykje bedre.
Eit fint angrep etter 15 minutt, enda med at Thomas Lien runda keeper og la inn foran mål der Johan Grønset sette ballen kontrollert i nettet til 1-0. Nokre minuttar seinare var Bremnes 2 keeperen uheldig og mista eit innlegg. Det burde han ikkje ha gjort, for då vart han straffa av måltjuven Kristoffer Grønstad, som banka inn returen frå kort hald. Bremnes hadde óg eitpar sjansar, men Lars Øvernes let seg ikkje overliste.
2-0 heldt seg til rett før pause. Då dribla kaptein Tobias Grønstad Kristiansen av to-tre forvararar, før han trilla ballen inn bak keeperen. 3-0 var kanskje i meste laget etter spel og sjansar, men likefullt var det resultatet ved halvtid.