Det nærmar seg opningstid og inne på kjøkkenet på Skjold skule er det full aktivitet. Ei gruppe elevar i åttande til tiande klasse er i full sving med å førebu sitt siste prosjekt i valfaget Innsats for andre, og i dag har dei invitert alle over 60 år til kafé i eitt av klasseromma på skulen. Påsmurde rundstykke står alt klart på serveringsfatet, vaffelrøra er blanda og langpannekakene får ein siste finpuss før dei skal plasserast på kafébordet.
— Det er første gong me lagar til eldrekafé. Me veit ikkje kor mange som kjem, men me har sikkert meir enn nok mat, seier niandeklassingane Solveig Skjold og Irene Sørhus medan dei legg eit tjukt lag glasur på gulrotkakene dei har vore med å laga.
Samen med 19 andre elevar i åttande til tiande klasse har dei handla inn varer, baka kaker, pynta kafélokalet og stått for organisering av kafeen.