Fjordar kan jubla for endå ein siger.
FOTO:PRIVAT
Sport
Storsiger i ny drakt
Fjordar tok tabelltoppen i 4. divisjon då dei slo Skudenes 5–2 heime på Vats stadion onsdag kveld. Dette var samarbeidslaget sin første kamp i dei nye oransje draktene sine.
Sjølv om det til slutt blei ein fin kveld for Fjordar, hamna dei først i trøbbel i Vats. Skudenes tok leiinga med to mål av Dina Tobiassen Nornes i det 37. og 40. minutt.
Heimelaget fekk eit håp før pause då Thea Karoline Blikra reduserte til 1–2 i det 44. minutt.
Slo tilbake