Fotballspelarane har det flott i finvêret
Ein ser og merkar at det er langt fleire folk i Etne enn ein vanleg laurdag, men ein merkar at det er erfaring med så store arrangement i bygda. Det verkar ikkje å vera stress verken i handelsstanden eller i arrangementsleiinga.
Både Erling Ronæs og Jørgen Øyjord, som begge driv butikkar i Etne Senter, seier at dette er den beste helga dei har når det gjeld omsetnad.
— Me har i tillegg til butikken i senteret, eit eige telt inne på arrangementsområdet med produkt me av erfaring veit er etterspurde under eit slikt arrangement. Etnecup og Etnemarknaden gir oss på laurdagane det med klarar å selja på ein halv god månad elles i året, seier Jørgen Øyjord i Sport1 Etne.