Det blir neppe noko ekstra busstilbod frå Etne til Skånevik for å kompensere for at Ølensambandet blir lagt ned. Arkivfoto
Åtvarar mot skyss til båt
I lys av at Ølensambandet skal leggjast ned, vedtok fylkesutvalet i Vestland å utforske ei bestillingsrute med bil eller buss frå Etne til Skånevik som kompensasjon. Med ein berekna kostnad på 0,8 millionar kroner – halvparten av det snøggbåten til Utbjoa og Ølen kostar – oppmodar leiar for transporttilbod i Skyss, Gudrun Einbu, om at det ikkje blir gått vidare med planane.
— Eit tilbod som skissert over, ville gje ei kopling mellom Etne og båten i Skånevik, knytt til pendling for skule og arbeid. Vurderinga er likevel at nytten av eit slikt nytt tilbod vil vere avgrensa, og at det ikkje vil stå i samsvar med den relativt høge kostnaden, skriv Einbu i ei saksutgreiing til hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland.
I møtet til utvalet 21. og 22. mai var saka oppe som referatsak. Trude Brosvik (KrF) stilte spørsmål ved om det kunne vore mogleg å gjennomføre eit prøveprosjekt i eitt år med bestillingstransport, der ein brukte den lokale drosja – berre for å finne ut om det faktisk er eit behov, eller om det er noko ein berre foreslår fordi eit tilbod forsvinn.
— Eg leitar etter ei god ordning, men eg er jo einig i at 0,8 millionar er mykje når ein skal spare inn 1,6 millionar, sa Brosvik.