Vertskap for helga er Annbjørg og Andreas C. Våge.
FOTO: Nils Tokheim
Fest og alvor på Brandøy
Til helga blir det fullt hus på Brandøy misjons- og konferansesenter på Bjoa. Ekteparet Annbjørg og Andreas C. Våge er vertskap for den årlege sommarfesten.
Dei har i lag med gode hjelparar laga eit omfattande program som treff både store og små frå tidleg fredag ettermiddag til godt utover søndagen.
Formelt er det Brandøy Misjons- og konferansesenter saman med Indremisjonssamskipnaden (IMS) som er arrangørar
Senteret er i seg sjølv verdt eit besøk slik det framstår nyoppussa frå då pandemien la landet i lenkjer i 2020.