Søndagstur til grillhytta på Osnes. F.v. Tone Stølås, Emma Michelle Stølås (3,5) Kristine og Pia (6) Grumheden, Åse Marie og Hugo (3) Jørgensen Aastvedt, Pelle Grumheden (8), Egil og Linda Jørgensen. Ein slik tur kan bli fin både pinseaftan og første pinsedag, men måndag er det truleg best å sitja under tak.

Pinsehelga blir tørr og fin i distriktet

Solglimt, lett bris og behagelege temperaturar pregar pinsehelga i Etne og Vindafjord. Først måndag er det venta regn, ifølgje Meteorologisk institutt.

Publisert Sist oppdatert

Pinseaftan og første pinsedag blir det stort sett opphaldsvêr i både Etne og Vindafjord, og det blir periodar med sol. Vinden held seg roleg med lett bris frå sørvest, og temperaturane vil liggja mellom 15 og 17 grader midt på dagen. Ifølgje Meteorologisk institutt sine nettsider blir det ei helg med mykje opphald og gode forhold for uteliv og hagearbeid.

Solglimt og stabile forhold

Sjølv om det kan koma litt skyer innimellom, er det venta tørre forhold gjennom heile helga. Søndagen byr på mykje av det same som laurdagen – stabile temperaturar, lett til frisk bris, og opphald. Det blir med andre ord gode forhold for å nyta pinsedagane utandørs.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS