Sterk innsats av Etne karateklubb i Spania – to bronse og eitt sølv
Fire utøvarar frå Etne karateklubb har deltatt i det spanske meisterskapet i Zaragoza, Spania. Med seg heim tar dei både medaljar, ny erfaring og gode minner frå ei helg full av innsats og meistring.
Laurdag 7. juni stilte Etne karateklubb med fire utøvarar i det spanske meisterskapet i Zaragoza. Med på turen var coach Shihan Geir Havreberg og landslagsutøvarane Senpai Hans Kristian og Senpai Beathe Hegerland. I tillegg representerte Senpai Frode Haaland og Naglis Saulevicius sjølve Etne-klubben.
Det var første gong Frode og Naglis konkurrerte i utlandet, og innsatsen deira imponerte både klubb og publikum.
— Dei gjorde ein kjempejobb begge to, seier Hegerland.