Storinnrykk doblar folketalet
Det er 45 år sidan første gong Etnecup blei arrangert og leiar for denne store turneringa er Bjørnar Aastvedt. Tredveåringen er arrangementsansvarlig for tredje gong sidan han i 2023 overtok stafettpinnen frå Roar Gundegjerde, som hadde hatt ansvaret i mange år.
Aastvedt er audmjuk over den enorme dugnadsinnsatsen frå eit stort antal personar. Det blir vanskeleg å trekkja fram enkeltpersonar eller grupper blant fleire hundre personar, men han tar eit døme på unge jenter som driv kiosken på Steinsvollen gjennom heile helga.
— At Etne-bygda doblar antalet personar denne helga betyr svært mykje for idrettslaget, næringslivet, men det gir òg ringverknader for heile regionen, seier Aastvedt.