Jon Magne Svendsbøe. ARKIVFOTO
Debatt
Bygda må ikkje bandleggjast for ein usikker framtidsplan som det kanskje aldri blir noko av»
Direktoratet for mineralforvaltning (DMF) åtvarar om at planlagt masseuttak på Dommersnes kan bli eit av dei største i Noreg – Vikebygd kan bli ofra for vidløftige og usikre framtidsplanar om havvind
I Vikebygd, den fredelege og idylliske bygda i Vindafjord, er det no planar om eit av dei største masseuttaka i Noreg – over 11 millionar kubikkmeter fjell skal sprengjast ut over sju til ti år (fase 1 til 3). Bak dette står tiltakshavar Dommersnes AS som er eigd 50% av Vindafjord kommune og 50 prosent av Westcon Yards AS. Dei søkjer no fritak frå minerallova for å kunne gjennomføra inngrepet. Men heile prosjektet kviler på éin ting: intensjonsavtalar. Ikkje kontraktar, ikkje konkrete prosjekt – berre lovnader og håp.
DMF: Det manglar konkrete planar for bruk av massane som skal takast ut, samt konkrete kontraktar for framtidig bruk av området