Sniglar er blitt eit vanleg syn i mange hagar rundt om i landet og i år dukkar dei opp i hopetal. Ein mild vinter kan vera ein av grunnane til at stadig fleire hageeigarar får blomar og nyttevekstar øydelagt av dei glupske blautdyra som forsyner seg grovt av alt det meste som blømer og gror, og mange gir opp kampen med å bli kvitt snigleplaga. Men i den frodige hagen til Randi Berge i Sandeid er dei eit heller sjeldan syn. Til og med georginene, som er blant favorittrettane til dei slimete dyra, får stå i fred.
— Eg har lite sniglar, seier Randi og hentar fram kampmiddel nummer ein som ho tyr til når for å halda sniglane unna.
— Straks eg ser sniglar om våren strør eg med ferromol. Eg strør om lag ein gong i månaden, seier ho.