Kjellaug Selsaas med ny VM-medalje
Med trippel norsk på pallen, er det òg logisk at det blei norsk lagseier. Det betyr at Kjellaug og Nelly kjem heim til Stokkadalen i Nedre Vats med både gull og sølv. Den individuelle sølvmedaljen heng like høgt som gullet i lagkonkurransen.
Kjellaug Selsaas og Nelly gjekk tidleg opp i leiinga på finaledagen, men det haldt ikkje heilt inn. Rett nok var det berre 0,3 poeng som skilde første- og andreplassen.
— Litt irriterande kanskje, men samhaldet i det norske laget og i miljøet er så sterkt at me tenker ikkje heilt slik som i ein del andre sportsgreiner, seier Kjellaug Selsaas.