Etnemarknaden 2025
Angelica Marie Are frå Bokn (t.v) og venninna Ine Marie Mannes frå Etne, var gode kundar hjå Martina Obrovac som selde dei populære Labobo-figurane som barna kjenner frå TikTok.
Etnemarknaden 2025
Marknadssjef Ronny Gjermundsen var strålande nøgd der han tok seg fram med elektrisk sparkesykkel på området.
Etnemarknaden 2025
Torbjørn Økland Band med tre blad Økland i frontlinja. F.v. Nils, Torbjørn og Henrik Økland (som er son av Nils Økland).
Etnemarknaden 2025
Gunn Gravdal Elton frå Odda, og litt Sauda, song saman med Torbjørn Økland Band. Songen er knytt til Røldalsspelet.
Etnemarknaden 2025
Det var så og seia fullt i teltet då Torbjørn Økland Band spelte. Mange nytta høvet til å eta middag under konserten.
Etnemarknaden 2025
Benjamin Bendu (t.v) og Mathias Ramfelt i Urban Circus gjorde inntrykk ikkje minst då dei sende kjeglar fram og tilbake ratt framfor nasen til vågale frivillege publikummarar.
Etnemarknaden 2025
Alle partia, samt nokre aksjonsgrupper, var representerte på marknaden.
Etnemarknaden 2025
Haugesundaren Sverre Kvinge Bjotveit, buande i Bergen, med sitt eigenutvikla produktkonsept som han kallar Trollskjegg.
Etnemarknaden 2025
Tyske Stafan Hanko lagar produkta sine på gamlemåten. Han og kona Johanna, turnerar Noreg om sommaren med produkta.
Etnemarknaden 2025
Tønes (t.v.) og Pelle Sjøen fra Vea på Karmøy likte seg høgt oppe i ein McCormick traktor.
Etnemarknaden 2025
Hovudutstillar Gert Eilerås sin spesielle kunstform var svært popluær både blant unge, eldre, kvinner og menn.
Etnemarknaden 2025
Odd Inge Vestbø (t.v.) og May Vestbø frå Etne tok ein pause innandørs med utsyn over festivalen.
Etnemarknaden 2025
Hector Vestbø har hjelp av dottera Stella Victoria Vestbø i basen der dugnadsjobbane blir fordelt.
Etnemarknaden 2025
Trass i god utetemperatur med svalande vind, var utstillingane inne klokka 13 godt besøkte.

Bildeserie

Alt klaffa for Etnemarknaden

Med varmt og godt vêr, men likevel litt svalande vind, meiner marknadssjef Ronny Gjermundsen at det er ideelle forhold for det tradisjonsrike arrangementet. Venninnene Angelica Marie Are (9) og Ine Marie Mannes (8) har det fint på marknad.

Publisert Sist oppdatert

Marknadssjefen er å treffa på elektrisk sparkesykkel rundt på området, og han er strålande nøgd.

— Det er jo den første marknaden eg leiar, og eg må få skryta av mentaliteten her i Etne. Me er ein gjeng gode kollegaer, og det er så godt strukturert at det er kjekt å jobba. Løysingsorienterte folk, og det likar eg, seier Ronny Gjermundsen.

Svensk suksess

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS