Etnemarknaden vurderer ny kurs – vil ha innspel frå bygda
Sidan 1981 har marknaden samla folk frå fjern og nær, og har gjennom tida vore viktig for distriktet. Nå skal heile modellen under lupa, og styret vil ha meiningar frå publikum.
Gjennom åra har arrangementet vore gjennom mange endringar, og i 2025 skal styret bestemme kva veg han skal gå vidare. Marknaden sin økonomiske modell, innhald og kva retning den skal ha vurderast.
— Me ønsker at etnebuen skal koma med sine meiningar og korleis dei ønsker den skal vera i framtida, seier styreleiar i Etnemarknaden Lasse Åsbø.
Nøgd med årets marknad