I Vikebygd, rett nedanfor kyrkja, ligg den idylliske hagen til ekteparet Suzanne Ann Stämpfli (65) og Susanne Lehne (61). Her står eit kvitt, lafta hus med grøne lister – over 200 år gammalt, omkransa av ein stor og frodig hage med gamle tre, frukttre, bærbuskar, urter og ein kjøkkenhage.
Opna opp hagen
Då dei tok over eigedomen i 2009, valde dei å opna opp hagen. Tidlegare eigar Gunvor Sund, grandtanta til Suzanne Ann, hadde skjerma han med store, høge tre, slik at det ikkje var mogleg å sjå inn. No kan forbipasserande lett få eit glimt inn i det grøne.