Huset i Vats blei totalskadd i brannen natt til onsdag. Foto: Haugaland Brann og Redning
Huset i Vats blei totalskadd i brannen natt til onsdag.

Hus og garasje stod i full fyr – campingvogn og bil brann opp

Ein omfattande brann førte natt til onsdag til store skadar på ein eigedom i Nedre Vats i Vindafjord. Ein garasje, ein bustad, ei campingvogn og ein bil blei råka av flammane. Politiet opplyser at alle bebuarane kom seg ut av huset og at ingen personar er skadde.

Publisert Sist oppdatert

Det var klokka 01.55 natt til onsdag 6. august at politiet fekk melding om brann i ein garasje i Nedre Vats. Brannen hadde då spreidd seg til bustadhuset, og begge bygningane blei raskt overtent.

– Bebuarane var ute av huset då me kom fram, og alle personane er sjekka av helsepersonell. Ingen er skadde, opplyser operasjonsleiar Helene Strand ved Sør-Vest politidistrikt.

I tillegg til huset og garasjen brann også ei campingvogn og ein bil opp. Politiet melde klokka 03.43 at bustadhuset og garasjen mest sannsynleg kjem til å brenne ned.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS